22. oktober 2011

"Tankar"

Her eg går med mine tankar
her eg leitar etter svar
ynskja at eg visste
kven eg er
og kven eg var
kan eg ynskja at jeg visste
mine vegar og natur
ynskja at eg visste
kvar mitt mål og endre bur
kva det var eg skulle gjera
kven eg skulle bli
om eg eingong valdre riktig
om det enno er mi tid

og så møter eg ein unge
og så møter eg ein mann
og så møter eg ein olding
og så eit spøkelse etter han
og eg søpr men ingen svarar
og eg ber men ingen ser
og eg ropar at no klarar
eg ikkje bæra dette her
men det gjer eg jo-
eg er her
kvar ein dag og kvart eit år
og eg ser at eg blir eldre
for kvar haust og kvar vår

så eg stansar framfor huset
der eg eingong fann min fred
og eg kikkar opp på himmelen
ventar stjerner falla ned
men ein kvardag vert til kvarnatt
silk er reglane visst her
på den jorda der eg lever
i den verda der eg er
så eg sovnar utan tårer
og eg drøymer om eit sting
men når dagen atter når meg
går eg vidare i ring

så eg sovnar utan tårer
og eg drøymer om eit sting
men når dagen atter når meg
går eg vidare i ring
her eg går med mine tankar
her eg leitar etter svar
kan eg ynskje at eg visste
kven eg er
og kven er var

- Herborg Kråkevik-

Ingen kommentarer: