Jammen er born aktive.
Denne helga har me (Eirin) hatt tøffen Bendik på besøk. Han er som alle andre 6-åringar. Aktive 24/7.
Eg var og henta han heime på fredag før me kjørde ut til svigers. Her fekk me i oss noko mat før han tok kvelden.
I går var me overraskande ute og leika i snøen. Bør ikkje vere snø 16.mars...
I dag har me vore og baba på folkehøgskulen på Frekhaug. Fisken Bendik var meir under vatn enn over. Ikkje var han heil villig til at me skulle gå heim heller, men born må ein vere bestemt mot i nokon grad.
Me har hatt ei kjekk helg, og det trur eg Bendik også har hatt!
Ynskjer dykk alle ein god sundag og ei flott veke!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar