Me er komen inn i palmehelga. Dette var helga då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel to av læresveinane hans hadde henta. Slik byrja eg og fortelje borna i barnehagen om kva palmesundag handlar om.
Heime hjå oss betyr palmehelga pynting til påske. Me tok turen innom Knarvik senter i går for og sjå etter litt meir påskepynt, men ein skulle tru butikkane alt var utseldt for all påskepynt. Ikkje mykje og skryta av der må eg sei.
Kvelden i går brukte me saman med våre to gode vener Helge og Ole Morten. Ole blei 23 år fredagen, så då fann me ut at me skulle laga middag til han. Gåva han fekk var ein slipsopphengar på batteri. Eg trur den fallt i smak frå jublilanten.
I dag på sjølve palmesundag har me vore hjå svigers. Blåpanna ble fyrt opp og årest fyrste middag blei ete ute.
I morgen er det tre arbeidsdagar igjen før ein velfortjent påske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar