Endeleg er påska komen. Den etterlengta kvilepausen mellom jul og sumar.
Eg likar påske.
Ute kjem våren sakte og sola byrjar og varme meir og meir for kvar dag.
Eg kan sove lenge, eller eg kan vakne like tidlig som når eg skal på jobb. Det siste gjelder meg, for eg er vaken alt frå mellom 05.30-06.00 kvar morgon. Eg klagar ikkje, det er godt og kome i gang med dagen.
Så langt denne påska har me vore hjå svigers. Veldig godt og avslappande. Me har og vore hjå hjortemiddag hjå tante og onkel og i går var me hjå vår kjære vennine Therese! I dag på langfredag kjem Ole Morten på lammelår og i morgon må me ta turen heim til mamma og pappa. Mamma snakka om ein lammesteik til middag, så de skjønar at påsken betår av mykje lam.
![]() |
Lille meg blir stor i skyggen. |
Eg har ikkje sett så mykje vårteikn ute enda, men bak gamlehuset fant eg eit sikkert vårteikn. Kan du gjette kva eg fann?
![]() |
Snøklokkar. |
Nå gjennstår det berre og ynkje dykk alle ei riktig god påske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar